Festivalkunstnar 2024 - Sarah Belle Reid
I år er vi spent over å ha Sarah Belle Reid som vår eigen festivalkunstnar. I løpet av festivalen skal ho spela på to ulike konsertar - ein åleine, og ein saman med ulike ensembler. Ho skal også ha ein eigen elektro-workshop for barn og unge.
Sarah Belle Reid er ein amerikansk utøvar og komponist som spelar trompet, modulær synthesizer og ei stadig veksande samling av handlaga elektroniske instrument. Den unike musikalske stemma hennar utforskar skjeringspunkta mellom moderne klassisk musikk, eksperimentell og interaktiv elektronikk, visuell kunst, støymusikk og improvisasjon.
Under festivalen får du sjansen til å oppleve Sarah på tre ulike tidspunkt:
Fredag 27. september kl. 21:30
Sarah spelar saman med Sigurd Melvær Øgaarden, NyNorsk Messingkvintett og musikantar frå blant anna Bergen Kornettensemble i Johanneskirken. Her skal dei urframføre eit nytt stykke av Torstein Aagaard-Nilsen – «Surrounded by memories». Verket er skrive for trompet koblet til modulær synthesizer, orgel og trompetensemble.
Laurdag 28. september kl. 17:30
Sarah spelar sin hovedkonsert i Kulturhuset i Bergen. Meir informasjon kjem.
Sundag 29. september kl. 15:30
Sarah leiar ein elektro-workshop for barn og unge i Nykirken. Arrangementet er gratis, og er ope for deltakarar i alle aldre.
Vi gler oss til å velkomme Sarah Belle Reid til årets festival.