Finale i #LydenAvUnge 2023
16. september var det duka for finale i #LydenAvUnge 2023. Finalen var på Gamle Alversund Skule med godt oppmøte i publikum for høvet. Manger Musikklag framførte dei fem finaleverka under leiing av Kjetil Djønne, eit nytt fjes for MML, som me vonar me ser igjen foran musikklaget.
Jurien bestod av Camilla Søderstrøm Tveit, Ørjan Matre og Jostein Stalheim. Ein særs kompetent jurie som hadde i oppgåve å kåre vinnaren av #LydenAvUnge hausten 2023. Finalistane var Kolbein Eide Bukve, Arian Pedersen, Jakob Svendsen, Torbjørn Haaland og Herman Vannebo-Grønning. Til slutt var det Kolbein Eide Bukve som stod igjen som vinnar av #LydenAvUnge 2023 med sitt verk «Snøskrømt» - og me ønskjer sjølvsagt å gratulere så mykje. Verket vil og bli spelt på BrassWind 2023.
Juryen seier dette om vinnaren: “Det er godt handverk, god form og det er et solid kompositorisk arbeid. Det er sjangermessig ganske interessant spenn i ett og samme stykke.”
Me ynskjer å gratulera alle 5 finalistane for gode komposisjonar og me er takksame for at de har valt å delta i #LydenAvUnge. Det har vore ein kjekk og artig reise å bli kjent med alle komposisjonane.
Takk til juryen, Camilla Søderstrøm Tveit, Ørjan Matre og Jostein Stalheim. Takk til Kjetil Djønne som har innstudert repertoaret og leia oss gjennom konserten. Og sist men ikkje minst, takk til Torstein Aagaard-Nilsen som var konferansier.
#LydenAvUnge hadde ikkje vore mogleg utan sponsorane våre! Tusen takk til Grieg Foundation, Sparebankstiftelsen DNB og Norges Musikkorps Forbund.