Knut VaageComposer
Knut Vaage er busett i Bergen og livnærer seg som komponist. Han har utdanninga si i klaver og komposisjon frå Griegakademiet i Bergen. Vaage har vore aktiv innafor fleire stilartar, men med hovudvekt på improvisasjons- og samtidsmusikk. Han har i fleire prosjekt utforska grensene mellom improvisasjon og komposisjon. Utvikling av eit hybrid akustisk/elektronisk lydbilde er eit anna viktig tema i hans musikk, og han har deltatt i mange samarbeid mellom ulike kunstformer. Vaage sin produksjon spenner frå symfoniske verk og opera, til solostykke. Musikken hans er ofte framført på konsertar og festivalar i inn- og utland, bl.a. på Festspillene i Bergen, Ultima, Borealis, Ilios, Grec Festival (Barcelona), Prague Spring Festival, Nordiske Musikkdager i Stockholm og Reykjavik, og i Carnegie Hall. Han har hatt fullskala operaoppsetjingar på Den Norske Opera & Ballett, Ultimafestivalen, DNS i Bergen og NOSO i Tromsø, og i utlandet på Phalztheater, Stadttheater Giessen, Theatre National Luxembourg (TNL) og ved Armel Opera Festival i Ungarn. Vaage blei nominert til Nordisk Råds Musikkpris for 2022 med verket ”Hybrid Spetakkel”.