NyNorsk MessingkvintettBrass quintet
Erlend Aagaard-Nilsen, trompet
Jørgen Arnesen, trompet
Marie Solum Gran, horn
Ingebjørg Bruket, trombone
Berger Iver Færder, tuba
Gjennom å kombinera samtidsmusikk med scenekunst og litteratur har NyNorsk Messingkvintett skapt eit repertoar med eit heilt særeige uttrykk. I samarbeid med tekstforfattarar som Kjartan Fløgstad, Knut Nærum og Ole Paus, scenekunstgruppa Fakta Morgana og artistar som Tora Augestad, Trygve Seim og Per Arne Glorvigen, har ensemblet utvikla unike konsertopplevingar retta mot publikum i alle aldrar.
NyNorsk Messingkvintett har gjort seg bemerka med 49 urframføringar sidan 2016, og vart for sin innsats for norsk samtidsmusikk tildelt prisen som Årets Utøvar 2021 av Norsk Komponistforening. Dei har spelt på festivalar som Nordland Musikkfestuke, Oslo Kammermusikkfestival og Dei nynorske Festspela, og arrangerte sjølv mikrofestivalen «I fyr og flamme – Kjartan Fløgstad for full musikk» i Kulturkirken JAKOB hausten 2023.
Ensemblet har gitt ut tre kritikarroste album på LAWO Classics: Hornflowers (2021) med musikk av Nils Henrik Asheim, Megalithes (2023) med musikk av Gerard Grisey og Anders Tveit og multiMORF (2024) med musikk av Knut Vaage. Dei medverkar også på Oslo Kammerkor sitt album Purgatorium (2024).