Steinar Thelen
Conductor

Steinar Thelen

Steinar Thelen er fødd og oppvaksen i Bergen. Han fatta tidleg interessa for musikk, og som niåring byrja han å spela trombone. I Lyshovden skolekorps vart han introdusert for eit variert repertoar, og han vart inspirert til å utvikla seg både som trombonist, instruktør og dirigent. Særleg vart Steinar oppmuntra av trombonistane Kari og Jan Valter Aamodt som dirigerte og instruerte i skulekorpset. Vidare fekk han opplæring hos Øyvind Hage i BFO. Han bytte til basstrombone i 1994 og spelte i Krohnengen Brass Band og Dragefjellets musikkorps før han spelte i Manger musikklag frå 1997-2004. Etter mange år pause, byrja han att i MML hausten 2022.

Steinar har vore instruktør i ei rekkje skulekorps og vore dirigent for Manger Skulemusikklag, Knarvik Skulekorps og Solund Skulemusikk. I 2016 - 2018 var han vikar i Sagvåg Skulekorps, og han vart ynskja attende som fast dirigent då jobben vart ledig i 2022. Steinar er oppteken av at musikantane skal få oppleva og læra å setja pris på eit variert repertoar. Han meiner det er viktig å ta vare på det tradisjonelle og særeigne ved brass bandet, samstundes som han ynskjer at musikantane og publikum skal verta utfordra gjennom ulike musikalske uttrykk.