#lydenavunge
#lydenavunge er ein komponistkonkurranse for barn og unge som vart skipa for fyrste gong i 2022.
Gjennom #lydenavunge inviterer vi barn og unge opp til 24 år til å komponere eigen musikk. I dette prosjektet får barn og unge ein unik moglegheit til å komponere individuelle verk som vert framført på stor scene i Bergen av eit av Noregs fremste korps. Undervegs vil deltakarane få verdifull tilbakemelding og rettleiing frå komponistar.
Målsettinga med prosjektet er å stimulere ungdom til å skrive for brassband og bidra til kreativitet og skaparglede på tvers avmusikalske skiljelinjer. Vi ynskjer å få fleire unge komponistar fram i lyset og dermed få fleire nye stemmer til korpsrørsla. Samstundes kan det å komponere gje ein ny arena for ungdom å bruke sin kreativitet, ein kan flytte fokus frå å prestere som utøvar til å skape musikk for andre. I miljøet er det stort fokus på det å være best, dei største talenta har ei rekkje tilbod og ulike arrangement å delta på. Å skape ny musikk er ein heilt annan måte å delta i korpsmiljøet på, og dette kan motivere ungdom til å halde fram med hobbyen sin. Det er gratis å melde seg på og delta i konkurransen.
Dei innsende bidraga vert så vurdert av anerkjende og erfarne komponistar/musikarar og dirigentar. Manger Musikklag arrangere deretter ein finale der fem finaleverk vert framført, og dommarane kårer ein vinnar. Vinnaren mottar ein pengepremie som i år er 30 000 kr, og verket vert urframført under BrassWind festivalen same år. Konkurransen haustar lovord blant anerkjende komponistar og har blitt svært godt tatt i mot.
#lydenavunge vart frå og med 2024 gjort om til ei stipendordning. Vi inviterer barn og ungdom opp til 24 år til å sende inn ein søknad om å motta stipendet på kr 30 000.
Stipendet skal nyttast til å skrive eit verk for brassband. Verket vil verte urframført av Manger Musikklag under BrassWind festivalen same år. Undervegs i skriveprosessen vil komponisten få tilbod om veiledning frå ein erfaren komponist, ein mentor som rettleiar og støttar undervegs i prosessen.
Tidlegare vinnarar av #lydenavunge:
- 2022: Oskar Abel Valand Halvorsen - «3 satser for brassband»
- 2023: Kolbein Eide Bukve - «Snøskrømt»
- 2024: Mikkel Dahl Amundsen - «Meditation»
Måla for prosjektet er
- stimulere ungdom til å skrive for brassband.
- bidra til kreativitet og skaparglede på tvers av musikalske skiljelinjer
- få fleire unge komponistar fram i lyset.
- få fleire nye stemmer til korpsrørsla.
- flytte fokus frå å prestere som utøvar til å skape musikk for andre
- motivere ungdom til å halde fram i korpsmiljøet
Reglement
- Søknadsfrist 1. februar 2024
- Frist for levering av partitur 1. august 2024
- Øvste aldersgrense for å delta er 24 år, født i år 2000 eller seinare
- Må vere norsk statsborgar
- Medlemmer i Manger Musikklag kan ikkje delta
- Dette skal vere eit verk for brassband på maksimalt 10 min.
- Verket skal ikkje ha vore framført tidlegare
Torstein Aagaard-Nilsen seier dette om #lydenavunge
Manger Musikklag sin komposisjonskonkurranse #lydenavunge, er med å markere korpsets 100 års jubileum. Kreative unge som også har interesse av å skrive musikk for brass band, får her en unik mulighet. Jeg er både glad og fascinert over satsingen. Et korps som feirer seg selv kan fort bli veldig opptatt av akkurat dét. Men i dette prosjektet fortsetter Manger Musikklag sitt unike bidrag til sin musikalske omverden. De vil feire de som skal bli våre nye komponister - de skal fornye repertoaret vårt.
Det som en gang var et bygdekorps i ordets rette betydning, gjennomgikk en omveltning som ikke bare endret bygdekorpset til et fullblods brass band. Da var de omtrent halvveis til hundre. De var også med å skape den moderne norske brass band historien. Deres møte med totalt ukjent brass band musikk, ble en indre drivkraft i korpset. Jeg har selv, som blivende komponist, fått nyte godt av kreftene i miljøet, og helt opp til i dag kunnet eksperimentere med musikalsk form og korpsklanger fordi MML har gitt meg muligheten
Gleden er derfor ekstra stort, sett med mine øyne, når MML tar til orde for en komposisjonskonkurranse #lydenavunge!