Barnas BrassWind

Barnas BrassWind (BBW) vart arrangert for fyrste gong i 2022 og er eit unikt tilbod til barn og unge der dei både får skape og framføre ny musikk.

BBW har ulike deltakarar frå år til år og kan ha mange ulike konstellasjonar og ensembleformer, det er alltid barn og unge som spelar hovudrollene. Det unike på denne festivalen er at den også tilbyr dei unge å delta i dei kreative prosessane, dei får sjølve skape ny musikk. Deltakarane får ei aktiv rolle i komponeringa og får kjenne på kroppen korleis det er å skape musikk frå botnen av og vere med på heile prosessen fram til urframføring på festivalen. Alle dei pedagogiske prosjekta vert leia av pedagogar og dyktige instruktørar. Å være aktiv deltakar i den kreative prosessen gjer eit unikt høve til personleg utvikling og oppleving av meistring. I tillegg tek ein ofte i bruk eksperimentelle og utradisjonelle metoder som ein gjerne ikkje har vore med på før. Som resten av BrassWind festivalen skal publikum utsetjast for «annleis» konsertar der programmeringa byr på opplevingar ein ikkje får til vanlig.

I tillegg til dei tydelege personlege gevinstane av å være aktiv deltakar på BBW gjer også prosjektet positive langtidseffektar. Festivalen vil bidra til auka interesse for ny norsk musikk, for eksperimentell kunst samt fremje eit rikare kulturliv. BBW er vinn-vinn, eit prosjekt som gjer lokalsamfunnet eit produkt som ikkje finns elles i regionen samstundes som det fornyar publikum og forsterkar interessa for ny musikk generelt.

Eit viktig prinsipp er også at prosjekta skal vere gratis for deltakarane.