#LydenAvUnge 2025
BrassWind inviterer ungdom opp til 24 år til å sende inn søknad om å motta eit stipend på 30 000 kr!
#lydenavunge blei til ei stipendordning i 2024. Stipendet skal nyttast til å komponere eit musikkstykke for brass band. Det vil verte framført av Manger Musikklag under BrassWind-festivalen 2025. I tillegg til stipendet tilbyr BrassWind veiledning undervegs av erfarne komponistar og høve til å prøve ut enkelte ting med Manger Musikklag undervegs i skriveprosessen. I år er det Torstein Aagaard-Nilsen som skal rettleie ein heldig stipendiat!
Måla for prosjektet er
• stimulere ungdom til å skrive for brassband.
• bidra til kreativitet og skaparglede på tvers av musikalske skiljelinjer
• få fleire unge komponistar fram i lyset.
• få fleire nye stemmer til korpsrørsla.
• flytte fokus frå å prestere som utøvar til å skape musikk for andre
• motivere ungdom til å halde fram i korpsmiljøet
Reglement
• Søknadsfrist 1. januar 2025
• Frist for levering av partitur 1. august 2025
• Øvste aldersgrense for å delta er 24 år, født i år 2001 eller seinare
• Må vere norsk statsborgar
• Medlemmer i Manger Musikklag kan ikkje delta
• Dette skal vere eit verk for brassband på maksimalt 10 min.
• Verket skal ikkje ha vore framført tidlegare
Årets komponist Mikkel Dahl Amundsen seier dette om erfaringa
LydenAvUnge har vært en kjempefin og lærerik erfaring, som jeg anbefaler alle som har interesse i å skrive for store ensembler å prøve seg på; uavhengig av hvilken stil man til daglig holder på med.
Som nykommer i brassband-verdenen bestod første del av veiledningsprosessen av å orientere seg rundt hvordan besetningen fungerer, mens vi (Torstein og jeg) etterhvert snakket mer konkret om de musikalske ideene jeg hadde, og hvordan det mest effektivt kunne settes sammen til ensemblet. Det var en prosess med mye lærdóm som jeg utvilsomt kommer til å ta med meg videre som komponist og musiker generelt. I tillegg er Manger Musikklag et ensemble i toppklasse, som tok materialet jeg gav dem med strak arm, og endte opp i en kjempefin fremførelse!
Som sagt anbefaler jeg alle med interesse av komponering for store ensembler å søke denne ordningen; det er virkelig en unik mulighet!»
Komponist og kunstnarleg leiar av BrassWind festivalen Craig Farr seier dette om lyden av unge
#lydenavunge er ein fantastisk moglegheit for unge komponistar og komponistspirar! Finalistane vert framførte av Manger Musikklag, som er leiande innan sitt felt. Verket kan og bli plukka ut til å bli framført på konserten på BrassWind festivalen! Vinnaren får ein pengepremie og det er gratis å søkje! Då eg var fersk komponist fekk eg delta på liknande konkurransar og verkstad som gav uvurderlige erfaringar og eit fagleg og karrieremessig løft. Anbefalast på det sterkaste!
Komponist Jostein Stalheim, ProfessorInstitutt for Kunstfag Høgskulen på Vestlandet seier dette om lyden av unge
Noko av det som har størst utbyte for ungdom og unge vaksne er å gjera det mogeleg for dei å møta likesinna i det profesjonelle musikklivet. For å skapa ein slik møteplass må det leggjast vekt på godt førearbeid, gjennomføring og etterarbeid. Prosjektet #lydenavunge har bore frukter på mange måtar. Både for dei som får ein pris, eit stipend eller kanskje i neste omgang eit tingingsverk er det viktig å få høyrd musikken sin med eit engasjert korpsmiljø.
For mange av dei unge komponistane som sender inn sine partitur er dette første møte med eit større ensemble og eg har sett kor dette gir dei eit skyv i karriera som komponstar. Gjennom heile mi tid eg har arbeidd med Manger Musikklag som musikar og komponist og i prosjektet lydenavunge som dommar har eg sett korleis dei unge komponistspirer får møta eit fullt produksjonsapparat og eit framifrå brassband. Dette har stor verdi for dei unge og MML sitt langsiktige arbeid med nyskrive musikk fortset såleis å byggja tettare bånd mellom musikar og komponist, frivillig og profesjonelt musikkliv.
Eg vil med dette gi mi beste anbefaling for at dette prosjektet skal fortsette og at støtte til slike tiltak har store ringverknader for utvikling av eit kreativt musikkliv her på Vestlandet, nasjonalt og internasjonalt.
Me håpar mange vil søke og tek denne moglegheita!