Åge Jan Barlund
Komponist

Åge Jan Barlund

Åge Barlund vaks opp i Jølster i Sunnfjord, i eit miljø der både fotball og korps stod sterkt. Han dreiv med begge deler så mykje som råd var, men etter kvart var det musikken som fekk mest plass. Den musikalske reisa fram til i dag har mellom anna innehalde to rundar med studiar ved Norges Musikkhøgskole, deltaking på dirigentkurs i inn- og utland, samt utøving av musikk både som frilansar og som musikant i gode amatørkorps. Brassband utgjer hovudtyngda av korpsa han har musisert i sidan han var aspirant i Vassenden Skulemusikk, og vegen har gått innom fleire av dei leiande brassbanda i Noreg. Åge er i dag tilsett ved Oslo Kulturskole som dirigent og grovmessingpedagog.

Som komponist er Åge i etableringsfasa. Det første steget vart teke under pandemien, då elevar skulle ha undervisning på Zoom, og behovet for nytt repertoar som kunne formidlast enkelt til elevane melde seg. Dette resulterte i små komposisjonar som etter kvart utvikla seg til nokre små suitar for korps. Prosjektet med “Eternal Tides” vart til etter fleire samtalar med Steinar Thelen, god ven og inspirasjonskjelde for Åge. I rolla som dirigent for Sagvåg Skulekorps byrja Steinar tenkje høgt om eit tingingsverk til deira jubileumsmarkering og påfølgjande deltaking på NM for skulekorps i år. Prosessen var lærerik og inspirerande, så planane om vidare fordjuping i komposisjon er under utvikling.