Sagvåg skulekorps
Skolekorps

Sagvåg skulekorps

Sagvåg skulekorps kjem frå bygda Sagvåg i Sunnhordland. Korpset vart stifta i 1954 og kan soleis visa til 70 år med historie og utvikling. Medlemmene er frå 8 til 18 år. Trass det store aldersspennet, trivst dei saman både sosialt og musikalsk. Sagvåg skulekorps ynskjer å gje born og unge ein trygg og utviklande aktivitet dei kan ta med seg gjennom heile livet. I korpset møter dei ulike menneske og ulikt repertoar, noko som gjer at dei evnar å setja pris på nye inntrykk.

Dirigent, Steinar Thelen, legg til rette for at musikantane møter eit variert repertoar. Dei får spela tradisjonelle brass band verk, populærmusikk og nyskriven musikk for korps. I arbeidet med Eternal Tides, let Åge Barlund og Steinar Thelen musikantane ta del i prosessen frå utkast til ferdig verk. Dei fekk smakebitar undervegs, og responsen var ærleg og interessant. Det gjer at dei har eit særleg eigarforhold til stykket.

For å utvikla seg og få impulsar, hentar korpset mykje av inspirasjonen frå korpsmiljøet i Bergen og Norhordland. Musikantar, dirigent og føresette i Sagvåg skulekorps er takksame for at ein får ta del i Barnas BrassWind 2024.